Mer info om Midelhavsseglasane

Planar for året 2016. 

Me startar med vårseglinga der nede veke 18. og på hausten veke 40-41.

Båten er ein Benetau 50 family med 5 dobble lugarar + mannskapslug.

 -Kurs i segling. Inkl. 2 mannskap.

Båten er utrusta for charter og ligg i Hellas i havnebyen Lavrio, søraust for Athen. (Me kan og disponera tilsvarande båt i Kroatia, Karibien og Thailand, dersom ein planlegg i god tid)

 Det er 3 toalett/bad og elles fullt utrusta med instrument, flåte og sikkerhetsutstyr. Og er ideell for cruise-fart med opptil 10 medseglarar ( i 5 doble lugarar) + 2 mannskap. Båten er  med 3 bad, kjøleboks/skap, stor bysse, salong for heile gruppa og godt med lagerplass.

Me står for kurs eller opplæring og tilrettelegging, og utsjekk av båten som me disponerar. Den kan ta ei gruppe på 10 deltakarar og 2 som mannskap.

(Ved leige av båt andre stader enn Hellas, står gruppa også ansvarleg for eit depositum/eigenandel. I forhold til ev. skade, slik som elles i chartermarkedet).

Turane er lagt opp som aktive kurs, der ein kan få lære det meste. Men det er fritt kor aktivt ein ynskjer delta. Likevel må alle delta i alminneleg opplæring for å meistra nødvendige oppgåver ombord, for å seile og handtere fartøyet trygt.

Andre turar kan vera enklare kurs med grunnleggjande opplæring, og ynskjer du berre nyta turen som ferie, så er det ok. Men her gjeld også at ein må delta i enklare oppgåver/segling og få nødvendig opplæring for å  handteringa båten.

For grupper er det mogleg å kunna få undervisning i båtførarprøven, dette må avklarast i god tid på førehand og køyrast som eigne kurs.

Me seglar vår og haust der nede for å utvide seglsesongen.

Er det til eksempel grupper som ynskje å samarbeida, kan me laga til ein tur der eine gruppa seglar frå Lavrion (nær Athen) til San Torini og den andre gruppa seglar attende til Lavrion.  

KURS A:

KURS I SEGLING OG SJØMANNSKAP OG NAVIGASJON :

Kurs i segling, sjømannskap, navigasjon og bruk av båt. Passar for dei som har planar om å kjøpa  eller leiga seglbåt, eller berre ynskjer å læra meir om segling og sjømannskap. Men det er ikkje krav at ein skal delta i all undervisninga. Men alle er med på oppleringa som vert krevd for å handtera båten sikkert.

Pris. 5400,-.

KURS B: (For private grupper). Gruppa vel kva nivå dei vil ha kurset på, men me må og her ha ei minimum opplæring, for at gruppa skal handtera båten sikkert.

Tek du med 9 betalande får du og gratis kurs sjølv, som nr. 10.

Pris. Kr. 4900,- pr. pers.

KURS C: (for grupper)

BÅTFØRARPRØVEN SOM KURS OMBORD (for grupper): Praksis og teori.

Me kan og køyra kurs i båtførarprøven når me seglar i Middelhavet. Ein får då også læra å segla inklusivt i opplegget. Men kurset krev 18 til 21 timar undervisning i løpet av veka. Mykje av dette vert i praksis og kan difor vera lettare å forstå enn å sitja i eit klasserom. Eksamen må organiserast når ein kjem til Norge.

Pris kr. 5400,-.

 

KURS D: (for bedrifter)

–      Bedriftskurset  vert organisert meir som eit «Lagbyggingskurs» der gruppa deltek og organiserar seg og fordeler oppgåver. Det vert vanleg opplæring i segling med muligheit for å utvida under kurset, for dei som har interesse av det.

–      Pris: kr. 60.000,-

–      Eller dersom gruppa har eigne opplegg som ein vil køyra.

–      Me held då mat ombord, drivstoff, hamneavgifter, og trådlaust nett ombord for denne prisen.

 

ANDRE UTGIFTER:

Ein spleisar på mat, og diesel (har brukt mellom 16 og 50 liter på tidlegare turar. Pris på disel er som i Noreg) og hamneavgifter der det finnes (er rimeleg i Hellas). Trådlaust internett kostar ca. 400,- delt på alle, slik at ein kan nytta ev. smarttelefon og nettbrett.

Einar og Terje er ansvarleg for opplæring, utsjekk av båten og tilrettelegging.

Me disponerar båten, fører den og har ansvaret, men gruppa er med som medseglarar på lik line med tilsvarande opplegg der ein leiger båt. Men gruppa er friteke frå eigenandel ved uhell, når me seglar i Hellas.

REISE tips:
Ein møter ombord i båten laurdagen (båten skal vera klar til kl. 1700 i forhold til vask og utsjekk). Utleigeselskapet kan skaffa skyss frå flyplassen og ned til båten som ligg i Lavrion, dersom ein ynskjer. Det tek ca. 1 time. Men det går lokalbuss frå flyplassen som er rimeleg å nytta men tek litt lengre tid, og ein må kanskje byta buss undervegs.

Det er  og hotell i Lavrion og på flyplassen for dei som vil koma litt før eller vera litt lenger.

Ved ankomst attende etter tur, skal ein væra inne ca. 15 – 16 tida på fredagen, for ny sjekk av båt. Men me kan vera ombord til laurdag morgong kl. 0900. Då er det satt opp buss til flyplassen for dei som ynskjer det. Taxi kan og tingast til andre tider.

MAT KASSE:
Alle betalar i ein felles pott. Ein tek vare på kvitteringar når ein handlar felles mat og gjer opp ut frå «felleskassen», dersom gruppa vil organisera det på dette viset.

KLEDE OG UTSTYR:
Ta med klede for temperaturar, ned mot 15 grader og regn (ifølge statistikken kan det skje), ifall det skulle bli nokre dagar med «slikt vær» også.

Mørket kjem litt bråare på då sola går ned i ein «brattare» vinkel enn heime.

Me anbefalar at ein tek med seg:

–      Ein lett sovepose, då det kunn vert utlevert to laken og flis-teppe.

–      Seglarvest eller oppblåsbar vest med feste for livliner er ein fordel å ha med seg. Redningsvestane som er ombord er ikkje så godt eigna til å ha på under dagleg seglas, men vert nytta som Redningsvest, om ein skulle trenga det.

–      Elles er det livliner og sele, til alle ombord.

Ein må pakka i baggar som kan brettast saman, store trillebagar i hardplast eignar seg ikkje då dei er vanskelege å stuva vekk ombord. Heller ikkje ryggsekker med meis.

Hovudlykt er greit å ha, då det mørknar litt tidlegare enn det gjer heime.

I tillegg til utstyr ein nyttar sommarstid, treng ein klede mot vind og sjøsprøyt.

Ein kan ikkje sjå vekk frå sjøsjuka på enkelte strekk. Mange har god effekt av «akupunktur armbanda» som også er å få kjøpa på apotek. Men dette er vel og individuelt. Så tabellettar og «plaster» er vel godt å ha med i tillegg.

VÆR OG VIND

I ein statistikk frå 2008 til 2010 ser ein at temperaturane ligg mellom 18 og 22 grader i slutten av oktober og byrjinga av november. Me har og opplevd 30 grader på denne tida. Vinden er svakare enn om sommaren. I byrjinga på oktober er det som regel godt vær.

I april viser statistikken at vinden er endå svakare, men det bles av og til opp i frisk bris, men kuling er og registrert. Temperaturane ligg då mellom 13 og 22 grader.

Me prøver å leggja opp turen etter kva gruppe ynskjer. Er det meldt sterk vind i ein del av øyane, kan me leggja turen i eit anna område med mindre vind. Me har elles prøvd båten i storm styrke og opptil 5 meter høg sjø, under «små segl». Og den fører seg veldig fint. Stort større sjø vert det normalt ikkje i området og me seglar kun i slikt vær med grupper som ynskjer det.

FORSIKRING:

Hugs å sjekka at du har i orden reiseforsikring og helsepapirer som trengs. Og ifall du har sjukdomar som kan innverka på helsa under turen, så ber me om at du drøftar dette med oss i forkant.

Me står ansvarleg for kurset og har skipper og styrmanns ansvaret for båten. Elles seglar me som ein vennegjeng på tur slik charterbåtar vert drive. Elles er det viktig at me held god tone ombord, der ein viser respekt og toleranse for kvarandre og lar alle få tid til å prøva seg og sleppa til i ulike arbeidsoppgåver.

LUGARAR:

Lugarar vel ein etterkvart som ein melder seg på. Eine av lugarane har over og underkøy, to lugarar forut har bad og toalett. To lugarar akter deler eit toalett. Alle bad og toalett må delast av heile gruppa når det trengs.

PÅMELDING OG BETALING:

Når du har bestemt deg, melder du deg på ved å betala inn påmelding: Som er halve totalbeløpet: til konto. 15033865454; Smedholmen Kyst og Naturlivskule, 5419 Fitjar.

Då registrerar me dåke i deltakarlistene til Båt operatørselskapet. Restbeløpet betalast 28 dagar før kurset startar.

AVGANG OG ANKOMST LAVRION:

Laurdagar, seinast i 1700 tida skal båten væra klar for ombordstigning. Oftast seglar me ut dagen etter, då laurdagen går til matinnkjøp, opplæring og å bli kjent med båten.
Me må væra inne fredag mellom 1500 og 1700, når me kjem att frå tur. Men ein kan overnatta og har båten til neste dag kl. 0900. Då er det sett opp buss frå kaien til flyplassen, eller kvar og ein tingar taxi. «Båtutleigeselskapet» kan skaffe taxi til og frå hamna.

Desse tidene er sett for at selskapet som står for båtane, skal ha muligheit for å gå over båten å gjera den sjøklar til neste tur, vaska og reparera eventuelle skader som har kome under forrige tur.

PERSONINFORMASJON:

Selskapet som driv båtane, har krav til å registera personinformasjon om dei som er ombord i båtane, dette kan dåke senda til oss slik at me får sendt dei i tide:

– Fullt namn,  – Nasjonalitet og – Passnummer. Desse listene vert liggjande i deira database til turen er over.

Me treng: Telefon nummer. – Epost adresse, slik at me lettare kan halda kontakten.

Ein månad før turen startar betalar ein inn restbeløpet. (15033865454)

Send oss ein mail for kvar innbetaling til:

Terje: terjsko@online.no), som har ansvaret for den økonomiske delen.

Dersom kurset skulle verta avlyst frå vår side, betalar me attende heile beløpet som er innbetalt til oss.

Me tek atterhald om at dette skrivet kan verta endra.

Legg igjen en kommentar