HARDANGER/SUNNHORDLAND SEGLAS

HISTORISK SEGLAS MED KUTTEREN SELADON 2. – 4. JULI: OS – EIDFJORD og
05 til 07. JULI: EIDFJORD – SKÅNEVIK
Opplev ei reise til og frå indre Hardanger i same farvatn som «Hardingar» har segla i uminnelege tider. Få eit innblikk i korleis ei slik reise kunne ha utarta seg. Me seglar frå/til Os og Bergensområdet via Lukksund og går kanskje innom mange av dei stadane som det vart landligga for natta.
Returseglasen går frå Eidfjord langs vakre Kvinnherad til Skånevik, der det er mogleg å oppleva å kjenna på bluesatmosfæren som pregar bygda denne helga.
Under seglasen er ein attende til ei svunnen tid med tjørelukt og seglskuteliv. Eller du kan berre nyta turen på fjorden mellom fjella. «Aldri ser du fjella så vakre som når du er midtfjords»:
 Avreise Os søndag 2. juli kl. 12 – Ankomst Eidfjord tirsdag 4. juli.
 Avreise Eidfjord onsdag 05. juli kl 14 – Ankomst Skånevik fredag 07. juli
Brødmat er inkludert i prisen: kr. 3000,- pr. pers. pr. strekning.
Overnatting om bord under bluesfestivalen kr. 500,- pr. natt.
Det er god korrespondanse med kystbuss/lokalbuss fra/til Bergen
Dersom du vil reise tur/retur med Seladon, er det mange tilbud, attraksjonar og kjekke aktivitetar å væra med på i Eidfjord. Sjå nettsida www.visiteidfjord.no, så finn du både overnattingstilbod og ting å sjå og være med på. Vel du å bli med oss berre eine vegen, så kan ein ta tog frå/til Bergen og buss frå/til Voss til Eidfjord.
Det går skyssbåt frå Skånevik til Leirvik og Bergen
Ta kontakt med oss: einmat@online.no Påmeldingsfrist: innan utgangen av mai.  90894857.

Legg igjen en kommentar