Kategoriarkiv: Vennelaget

Maritimt interessert ungdom.

Dei siste 3 åra har Smedholmen kyst og naturlivskule drive opplæring av maritimt interessert ungdom som igjen har hatt andre ungdomar med seg på seglas og aktivitetar; prosjektet «Vind i segla».
Fleire av dei er på veg ut i maritime utdanning og mange av dei er med vidare i prosjektet «Vind i segla». Her er det formidling av kystkultur, sjømannskap og innblikk i maritime yrker som har førstepri, men og friluftsliv, klesval, meteorologi, og tilsvarande samt båtførarprøven, er ein del av det ein vil formidla. Men eit av dei viktige måla er at ungdomar til ungdom, at dei kan lære men og å lære vidare på en naturleg måte i arbeid ombord i Seladon og båtane.

Målet vårt er å fortsetja med dette arbeidet, men må no flytta frå Smedholmen med båtar og fartøy noko som gjer at det kan verta vanskeleg å driva vidare. Likevel, støtt oss gjerne ved å bruka oss til neste år; 2018. Me er då framleis opne for seglasar for alle. Frå Barnehagar til Bedrifter og pensjonistgrupper. Men i hovudsak for skuleklassar og organisasjonar. Dette vil oppretthalda drift av fartøyet Seladon og etterkvart bruk av dei tradisjonelle båtane me har.

Desse båtane nyttar me mest når me jobbar med skuleklassar og no vert dei flytta til Austevoll og Bekkjarvik, ein stad som veit å ta vare på kystkulturen. Dei vert der utstelde og sett i stand til rigging og bruk som før, dersom det let seg gjera.
Smedholmen der me har drive før, skal friluftsråd og Fitjar kommune nytta til utleige av kajakkar og robåtar og andre arrangement som høver betre i ei moderne tid. Synd for oss som jobbar med kystkultur, men slik er tidene og det må me finna oss i. Som sagt bruk oss likevel, så lenge me held på, då det er viktig for ungdomsprosjektet «Vind i segla».
Ta kontakt på einmat@online.no
og tlf.+47 90894857