Kategoriarkiv: Ukategorisert

Seiling i Middelhavet 2018

SEGLING I MIDDELHAVET:

Aktiv ferie der du kan kursa deg og samstundes nyte det gode liv.

Desse turane er for deg som ynskjer erfaring i det å handtera ein seglbåt og kanskje segle den på eiga hand seinare. Og for deg som ynskjer å nyte soldekk og koble av. Ingen krav til å ta kurset men ordinær opplæring vert gjeve til alle. Ein fordler oppgåver ombord.

Så ta kontakt  for meir info  om sesongen i dei Greske øyar i 2018.  Veken 18 er ordinært seglkurs veke 19 er tematur i Gresk mytologi, historie og philosophi.

– Veke 40,og 41 er ledige for neste sesong. Ta kontakt.

– Informasjon: einmat@online.no

 

– Organiserar du ei grupper gir me rabattar, be om infomasjon.

På opne turar må ein dele lugar med andre eller kjøpa heile lugaren og får ein del rabatt. Det er 5 dobble lugarar i båten.

HARDANGER/SUNNHORDLAND SEGLAS

HISTORISK SEGLAS MED KUTTEREN SELADON 2. – 4. JULI: OS – EIDFJORD og
05 til 07. JULI: EIDFJORD – SKÅNEVIK
Opplev ei reise til og frå indre Hardanger i same farvatn som «Hardingar» har segla i uminnelege tider. Få eit innblikk i korleis ei slik reise kunne ha utarta seg. Me seglar frå/til Os og Bergensområdet via Lukksund og går kanskje innom mange av dei stadane som det vart landligga for natta.
Returseglasen går frå Eidfjord langs vakre Kvinnherad til Skånevik, der det er mogleg å oppleva å kjenna på bluesatmosfæren som pregar bygda denne helga.
Under seglasen er ein attende til ei svunnen tid med tjørelukt og seglskuteliv. Eller du kan berre nyta turen på fjorden mellom fjella. «Aldri ser du fjella så vakre som når du er midtfjords»:
 Avreise Os søndag 2. juli kl. 12 – Ankomst Eidfjord tirsdag 4. juli.
 Avreise Eidfjord onsdag 05. juli kl 14 – Ankomst Skånevik fredag 07. juli
Brødmat er inkludert i prisen: kr. 3000,- pr. pers. pr. strekning.
Overnatting om bord under bluesfestivalen kr. 500,- pr. natt.
Det er god korrespondanse med kystbuss/lokalbuss fra/til Bergen
Dersom du vil reise tur/retur med Seladon, er det mange tilbud, attraksjonar og kjekke aktivitetar å væra med på i Eidfjord. Sjå nettsida www.visiteidfjord.no, så finn du både overnattingstilbod og ting å sjå og være med på. Vel du å bli med oss berre eine vegen, så kan ein ta tog frå/til Bergen og buss frå/til Voss til Eidfjord.
Det går skyssbåt frå Skånevik til Leirvik og Bergen
Ta kontakt med oss: einmat@online.no Påmeldingsfrist: innan utgangen av mai.  90894857.

SOMMARSEGLAS TIL FLEKKEFJORD

Sommarseglas/kurs i sjømannskap.

Segl med Seladon frå Stord til Tananger: 18 til 20 og frå Tananger til Flekkefjord: 21 til 23 juli

Stord Flekkefjord:31 JULI TIL 2 AUGUST


Sommarseglas 2017 – Opplev kystidyllen på Sør Vestlandet og gode dagar i godt fellesskap. Kurs i segling, sjømannskap og «ferie», samt båtføraropplæring for dei som ynskjer det.

 

Påmelding og meir info, send epost til: einmat@online.no

_______________________________________________________

PRISAR:

Pris pr. heil veke (5 dagar) inkl. kurs, mat og losji: kr 4900,-.

3 dagars turar: kr 3000,- pr. person/køy. Maks 12 deltakarar.

RABATTAR:

Medlemskap i vennelaget «Aktiv seglas» kostar kr. 200,- og gir 10 % fråtrekk på alle turar.

Påmelding; fortløpande. Frist innan utgangen av mai.

«Gokurs» held kurs i «Mindfullness», stressmeistring og avspenning, ved bruk av Seladon.

 

Linda Egelandsdal Kongestøl TH
Familieterapeut / Foredragshaldar

Utdanna førskulelærar ved Høgskulen Stord Haugesund

Utdanna familieterapeut ved Diakonhjemmet høyskole Oslo

Sertifisert kursleiar i PREP via Modum Bads senter for familie og samliv

Utdanna instruktør i Mindfulness Via Huma Nova (Katarina Lundblad)

Medlem av Norsk forening for Familieterapi

Anne Beth Ø. Langli
Foredragshaldar

Utdanna førskulelærar ved Høgskulen Stord Haugesund

Sertifisert kursleiar i PREP via Modum Bads senter for familie og samliv

Langli har vidareutdanning i 6-10års pedagogikk og vidareutdanning i
psykososialt arbeid med born og unge.

Kontakt oss gjerne for påmelding eller meir informasjon:

Tlf. 951 23 968

post@gokurs.no

Org.no: 997 323 556

http://www.gokurs.no