Alle innlegg av Einar Matre

Smedholmen maritime kurs tilbyr kurs i moderne båtar.

BONNY LASS I GSE HAMNA FULL RIGG

KURS OG TURAR I «MODERNE» SEGLBÅT?
– Kurs i segling?
– for 1 til 5 personar

Kurset er ein del av tilbodet ved:

Maritime kurs Smedholmen

Cayenne 42: ( kan stilla opp med 2 like båtar dersom ein ynskjer kappsegling)

For private grupper:

Kr. 500,- for første time.

Kr. 400,- for neste, så 300 – 200 og 100,- pr. time dei resterande timane for båten.

Max 5 deltakarar.

Bedrifter:

Kr. 500,- pr. time båtleiga. Pr. båt.

Fleirdagskurs med overnatting; 4 kursdeltakarar + kurshaldar.

– Kurs: ¤ Segling ¤ navigasjon ¤ båtførarkurs ¤ sikkerheit ¤ metorologi, straum og strategi ¤ hantering av båtar og fartøy i storm og nød.

Mat kan handlast inn mot 10% tillegg på matkost.

Kurset kan haldast andre stader enn Fitjar: Det vert då ein kostnad på kr. 200,- pr. time gangtid til og frå (6 knop)

ta kontakt på:
einmat@online.no
tekstm: 90894857

Beste helsing Einar Matre

 

ANDRE MULIGHETER (eldre innlegg)

– Det kan væra kurs for familiar som har planar om å kjøpe slik båt eller leige slike båtar til feriebruk. Opplæringa vil bli gitt som ein praktisk tur ut i området rundt Stordøya, men me kan og kome til deg om du bur andre stader i Hordaland. Me kan og segle i din båt om du ynskjer opplæring og trening der.

– Kurs / teambuilding / matchracing ( Me har samarbeid med ein lik båt og kan tilby kappseglas desse båtane i mellom) Dette passer for bedrifter, familiar, små grupper som vil gjere noke positivt og spennende i lag. Alt frå 1 til 5 personar i kvar båt. Det vert lagt stor vekt på opplæring og at ein skal ha det kjekt.  og ikkje la «konkuransen» stresse oss, slik det ofte kan være i regatta. Når to like båtar kappseglar, så ser ein lettare resultat ved å jobba i lag og det er inspirerande å lære og finne ut av seglingens «kunst». Små detaljar kan virke inn på farten og ein vil bli facinert av den vitenskap som ligg bak segling.

Kurshaldarar har erfaring i alt frå konkuransesegling i Laserjolle, tradisjonsbåtar, havseglarar til fartøy som Staatsraad Lehmkuhl og kan bidra med lang erfaring i sjømannskap.

Kontakt Einar på  tekstmelding: 90894857 eller einmat@online.no

 

Seiling i Middelhavet 2018

SEGLING I MIDDELHAVET:

Aktiv ferie der du kan kursa deg og samstundes nyte det gode liv.

Desse turane er for deg som ynskjer erfaring i det å handtera ein seglbåt og kanskje segle den på eiga hand seinare. Og for deg som ynskjer å nyte soldekk og koble av. Ingen krav til å ta kurset men ordinær opplæring vert gjeve til alle. Ein fordler oppgåver ombord.

Så ta kontakt  for meir info  om sesongen i dei Greske øyar i 2017.  Veken 18 er ordinært seglkurs veke 19 er tematur i Gresk mytologi, historie og philosophi. Her er det nokre plassar ledig.

– Veke 39, 40, 41 og 42 er ledige for neste sesong. Ta kontakt.

– Informasjon: einmat@online.no

 

– Organiserar du ei grupper gir me rabattar, be om infomasjon.

På opne turar må ein kanskje dele lugar med andre, så ta gjerne med deg nokon du kan dele lugar med.                                                                       Det er 5 dobble lugarar i båten.

HARDANGER/SUNNHORDLAND SEGLAS

HISTORISK SEGLAS MED KUTTEREN SELADON 2. – 4. JULI: OS – EIDFJORD og
05 til 07. JULI: EIDFJORD – SKÅNEVIK
Opplev ei reise til og frå indre Hardanger i same farvatn som «Hardingar» har segla i uminnelege tider. Få eit innblikk i korleis ei slik reise kunne ha utarta seg. Me seglar frå/til Os og Bergensområdet via Lukksund og går kanskje innom mange av dei stadane som det vart landligga for natta.
Returseglasen går frå Eidfjord langs vakre Kvinnherad til Skånevik, der det er mogleg å oppleva å kjenna på bluesatmosfæren som pregar bygda denne helga.
Under seglasen er ein attende til ei svunnen tid med tjørelukt og seglskuteliv. Eller du kan berre nyta turen på fjorden mellom fjella. «Aldri ser du fjella så vakre som når du er midtfjords»:
 Avreise Os søndag 2. juli kl. 12 – Ankomst Eidfjord tirsdag 4. juli.
 Avreise Eidfjord onsdag 05. juli kl 14 – Ankomst Skånevik fredag 07. juli
Brødmat er inkludert i prisen: kr. 3000,- pr. pers. pr. strekning.
Overnatting om bord under bluesfestivalen kr. 500,- pr. natt.
Det er god korrespondanse med kystbuss/lokalbuss fra/til Bergen
Dersom du vil reise tur/retur med Seladon, er det mange tilbud, attraksjonar og kjekke aktivitetar å væra med på i Eidfjord. Sjå nettsida www.visiteidfjord.no, så finn du både overnattingstilbod og ting å sjå og være med på. Vel du å bli med oss berre eine vegen, så kan ein ta tog frå/til Bergen og buss frå/til Voss til Eidfjord.
Det går skyssbåt frå Skånevik til Leirvik og Bergen
Ta kontakt med oss: einmat@online.no Påmeldingsfrist: innan utgangen av mai.  90894857.

SOMMARSEGLAS TIL FLEKKEFJORD

Sommarseglas/kurs i sjømannskap.

Segl med Seladon frå Stord til Tananger: 18 til 20 og frå Tananger til Flekkefjord: 21 til 23 juli

Stord Flekkefjord:31 JULI TIL 2 AUGUST


Sommarseglas 2017 – Opplev kystidyllen på Sør Vestlandet og gode dagar i godt fellesskap. Kurs i segling, sjømannskap og «ferie», samt båtføraropplæring for dei som ynskjer det.

 

Påmelding og meir info, send epost til: einmat@online.no

_______________________________________________________

PRISAR:

Pris pr. heil veke (5 dagar) inkl. kurs, mat og losji: kr 4900,-.

3 dagars turar: kr 3000,- pr. person/køy. Maks 12 deltakarar.

RABATTAR:

Medlemskap i vennelaget «Aktiv seglas» kostar kr. 200,- og gir 10 % fråtrekk på alle turar.

Påmelding; fortløpande. Frist innan utgangen av mai.

VILLMARKSLEIREN

http://www.naturoppleving.no/

Skånevik Naturoppleving er ein aktivitets- og opplevingsleverandør som har spesialisert seg på varierte
og tilrettelagde villmarksopplevingar for alle som ønskjer eit annleis og spennande eventyr her i Skånevik.
Hjarteleg velkommen til oss, vi lager gjerne eit opplegg som er tilpassa di gruppe! Les om våre samarbeidspartnarar!

Villmarksleiren, Skånevik Fjordhotell og seglkutter Seladon har inngått eit samarbeid når det gjeld å formidlar ulike opplegg som knytter seg til teambuilding og naturoppleving med Fjordhotellet som ein del av matserveringa og overnatting.

Ein tingar aktørane kvar for seg og set saman dei opplegga ein ynskjer.

«Gokurs» held kurs i «Mindfullness», stressmeistring og avspenning, ved bruk av Seladon.

 

Linda Egelandsdal Kongestøl TH
Familieterapeut / Foredragshaldar

Utdanna førskulelærar ved Høgskulen Stord Haugesund

Utdanna familieterapeut ved Diakonhjemmet høyskole Oslo

Sertifisert kursleiar i PREP via Modum Bads senter for familie og samliv

Utdanna instruktør i Mindfulness Via Huma Nova (Katarina Lundblad)

Medlem av Norsk forening for Familieterapi

Anne Beth Ø. Langli
Foredragshaldar

Utdanna førskulelærar ved Høgskulen Stord Haugesund

Sertifisert kursleiar i PREP via Modum Bads senter for familie og samliv

Langli har vidareutdanning i 6-10års pedagogikk og vidareutdanning i
psykososialt arbeid med born og unge.

Kontakt oss gjerne for påmelding eller meir informasjon:

Tlf. 951 23 968

post@gokurs.no

Org.no: 997 323 556

http://www.gokurs.no